Nyheit: Praktisk retta vidareutdanning i musikk med stipend

0
19

Frå hausten 2023 tilbyr Høgskulen i Volda ei heilt ny vidareutdanning i musikk gjennom ordninga Kompetanse for kvalitet. Det for å møte etterspurnaden frå ufaglærte musikklærarar og musikklærarar som har behov for å oppdatere seg i faget.

Musikkfaget femnar breitt, og som musikklærar må ein kunne ein del om fleire ulike område. 

– Vi ser at ein del lærarar har behov for meir kompetanse innan digitale læremåtar som er viktige i musikkfaget i dag. Korleis lage musikk ved hjelp av digitale program til dømes. Medan andre har behov for å lære eller oppdatere seg på praktisk musisering med instrument, song og sampel, seier Elizabeth Oltedal, førstelektor i musikk ved Høgskulen i Volda og fagleg ansvarleg for den nye vidareutdanninga Musikk 1, 1.-10. trinn.

Det nye studiet startar opp hausten 2023 og går inn under Kompetanse for kvalitet-ordninga (Kfk), der lærarar kan søke Utdanningsdirektoratet om eit stipend på 120.000 kroner eller redusert stilling med 37,5 prosent. Søkeperioden er 1. februar – 1. mars, på lik linje med andre KfK-tilbod og Kompetanse for fremtidens-barnehage, som vi kjem tilbake til lenger ned i saka.

Les meir om og søk Musikk 1, 1.-10 trinn her.

Bruke døme direkte inn i undervisninga

Musikk 1, 1.-10. trinn tel 30 studiepoeng delt på to 15-studiepoengsemne. Det første emnet, Oppleving, utøving og skaping i musikkfaget går hausten 2023, og det andre, Musikk som fokusfag i skapande og tverrfagleg arbeid, går våren 2024. Det er lagt opp til to samlingar a fire dagar i kvart av dei to semestera i tllegg til nettleksjonar og oppgåver med individuell rettleiing. Studiet er delvis differensiert for trinn 1-7 og 5-10.

– Dette er ei praktisk retta vidareutdanning. Under samlingane blir hovudfokuset praktisk arbeid og læring, som studentane skal ta med seg tilbake til arbeidsplassen sin og prøve ut, forklarar Oltedal.

Vidareutdanninga er for lærarar som ikkje har utdanning i musikk frå før av, men som likevel underviser i musikk, og lærarar med musikkutdanning som vil ha ei oppfrisking og fornying av den. 

– Det skjer mykje med musikkfaget heile tida, og om det er ei stund sidan ein studerte vil dette vere svært nyttig, meiner Oltedal.

Studiet er også aktuelt for kulturskulelærarar som ynskjer kompetanse for undervisning i grunnskulen.

Vurdering, samspel og tverrfagleg aktivitet

Eit område mange musikklærarar, ifølge Oltedal, opplever som utfordrande er vurdering i musikkfaget.

– Det er ikkje uvanleg at lærarar kvir seg for å for å vurdere kunstnarisk eller kreativt arbeid. Vi vil arbeide med vurdering for læring i musikk på dette studiet, og ikkje minst sjå på korleis ein kan utvikle gode verktøy for vurdering saman med elevane, seier Oltedal.

I den nye læreplanen for musikkfaget i grunnskulen er det fire kjerneelement; å oppleve, utøve og skape musikk og kulturforståing. Gjennom KfK-studiet skal studentane få kompetanse for å kunne gje inkluderande og tilpassa opplæring innan dei fire kjerneelementa, og til å legge til rette for djupnelæring i faget. 

I haustemnet Oppleving, utøving og skaping i musikkfaget er det hovudsakleg praktiske aktivitetar det skal handle om.

– Studentane skal bli trygge på å sette i gang samspel med elevane og lære det grunnleggande med bandinstrument og song, samt ulike former for musikknotasjon. Dei skal lære å sette opp eit PA-anlegg og mikrofonar med enkel miksepult til musikkframføringar og konsertar, til dømes.

I våremnet Musikk som fokusfag i skapande og tverrfagleg arbeid blir det spesielt lagd vekt på kjerneelementet kulturforståing.

– Her skal vi sjå på korleis musikk kan vere ei drivkraft også for andre fag og korleis ein kan lage tverrfaglege opplegg saman med fag som norsk, naturfag, samfunnsfag og kroppsøving. Vi vil her sikte inn på arbeid med dei tverrfaglege temaa demokrati og medborgarskap og folkehelse og livsmeistring. 

15 ulike Kfk-tilbod frå hausten

Høgskulen i Volda tilbyr 15 tilbod innan Kunnskap for framtida frå hausten 2023: Engelsk 1 1.-7. trinnEngelsk 1 5.-10. trinnEngelsk 2 5.-10. trinnMatematikk 1 1.-7. trinnMatematikk 1 5.-10. trinnMatematikk 2 5.-10. trinnNorsk 1 1.-7. trinnNorsk 2 8.-13. trinnProgrammering 1.-7. trinnProgrammering 5.-10. trinnProgrammering 8.-13. trinnKunst og handverk 1.-10 trinnMusikk 1 1.-10. trinnKroppsøving 1, 1.-10. trinn og Spesialpedagogikk 1.-10. trinn.

Søkeperioden for desse studia er 1. februar – 1. mars. Ein søker først opptak gjennom Utdanningsdirektoratet (Udir), les meir om det her

Om søknaden blir godkjent av Udir må søkaren søke opptak lokalt hos Høgskulen i Volda i mai. Det siste vil søkaren få beskjed om gjennom en e-post i slutten av april/starten av mai.Stipendordningane for KfK er gode. Ein kan for 2023 velje mellom 120.000 kroner i stipend eller vikarstøtte der ein reduserer stilling med 37,5 prosent. Les meir om KfK-ordningane og sjå studiekatalogen til UDIR her.

Fem tilbod for barnehagelærar med stipendordning

Under satsinga Kompetanse for fremtidens barnehage (Kfb) tilbyr Høgskulen i Volda frå hausten 2023 fem tilbod: Realfag i barnehagenRettleiarutdanning for praksislærarar i barnehagenSpesialpedagogikk i barnehagenLeiing av utviklingsarbeid og Digital kompetanse i barnehagen.

Får ein plass på ei av desse utdanningane vil barnehagen få 80.000 kroner i tilretteleggingsmidlar. Midlane skal nyttast til vikarutgifter, kjøp av bøker, reise, opphald og semesteravgift. 

Søkeperioden for desse studia er 1. februar – 1. mars. Ein søker først opptak gjennom Utdanningsdirektoratet (Udir), les meir om det her

Deretter må styrar i barnehagen godkjenne søknaden. 

Om søknaden blir godkjent av Udir må søkaren søke opptak lokalt hos Høgskulen i Volda i mai. Det siste vil søkaren få beskjed om gjennom en e-post i slutten av april/starten av mai.

tabola

No posts to display